søndag 17. mars 2013

SONG FOR VÅR TID av Sigve Lauvaas * Side 45-52 (1987)



Side 45
BØKER

Du veit ikkje kva som bur i bøker? Ord!?
Rare og gode og fine og flate og runde
frø til eit tre, helsingar frå hender til hender,
frå hjarte til hjarte.
Ord silte i vev. Her lever vi.
Mellom to permar, heile livet eit ord,
namn som ropar og spør, fargar, skal og frø.
Skal det verte noko meir må vi døy.
Noko nytt må stige fram ein dag.
Vi er slitne, med gulna blad.


SNART JUL

Du kan vere glad. Det er jul i alle hus.
Snart lovar vi kvarandre. Så er det fred på jord.
La ingen gå aleine julenatt. Kom til kyrkje, kom heim.
Det er langt mellom flo og fjære på høgfjellet.
Men kongeørna sveipar landskapet i nord.
Vi skulle gle oss over alt levande Gud har skapt:
Fisken i havet, kornet, mjølk, honning og salt,
men mest av alt over kongebarnet, fødd i ein stall.

46 
JORD

Ei kåpe av jord skal alle få.
Til slutt skal det bløme ein dag.
Jorda skal halde ope hus,
og du skal få møte din far.

Jord har alle i fabelslott, jord av eit evig slag.
Sjølv om du aldri på jord fekk sjå
skal du vakne til liv ein dag.


SIGNALER

Alle ber ei bør. Vinden spør.
Alle er i tid og rom. Dagen renn.
Poesi er ikkje sjø av liv, men kjensler.
Du går mellom andre, og veit det ikkje.
Du er lysestake, men kjenner ikkje lyset som skin.
Vegen er eit mysterium. Her skal du gå.
Så lenge det er vind kan vi reise.
Det er ikkje berre eg som må sjå lyset.
Alle har eit altar og ei dagbok
og eit fedreland, til slutt.


HUSET

Døra inn til huset er open.
Alle vindauga ser når du kjem.
Knoppane på trea helsar.
Du er ei skinande kåpe, eit streif av lys.
Mørkret får ikkje tak i deg.
Du kjem ein morgon.
Med pelsen stryk du over mursteinane
og har ni liv.
Det er tusen trapper, men du klagar ikkje.
Du ser alt, og kviler. Og vinden syng.

47 
LANGT OPP

Legg deg på bakken og sjå himmelen.
Det er langt til første høgd.
Glasveggen stirer ned. Vindauget opnar og lukkar.
Mellom stjerner er du, som eit hol i universet.
Korleis skal vi møtast?
Jernalderen gav faste stigar. Trådlause bilete fyk i lufta.
Mot himmelen er mange filer.
Det er lett å havne i grøfta. Men fyrlykta skin på ope hav.
Eg trur nok eg skal finne fram til slutt.
Eg skal flykte frå leirbålet når det sloknar ut.


LIVET

Livet er ikkje som vinter og vår, livet er dag for dag
som hylande snøstormar, som snøskodde på utgått eng.
Livet er det ein gjer det til, pene, lovande krefter.
Mørkre og lys går hand i hand, opnar seg, lukkar, og vinkar.
Det er som ein vind, som pust som må fram, bankande hjarter.
Livet i deg er som blomeseng. Du er eit stille under.
Eit blometre, eit fruktbasseng, oase for alt som er rundt deg.
Livet er som eit framtidsver, som nokon som kjem og kjem.
Du ser allnaturen, eit spel, ein underleg hage.
Og der er du som ei eventyrverd.
Kvar dag får du honning og mjølk, livsblomen smake.

48 
BAK GARDINENE 

Bak dei lukka vindaugo er vi,
i hagar vi aldri veit av.
Vi avlar ord, vi avlar ekko, og augo spør.
Kven er vi med alle dei dører og hav og fjell?
Inst inne går vindane og leitar og lesser si bør.
Ut skal vår avmakt til framande strender.
Vi har vore her før. Lyset brenn ut.
Nemnet skal opne grinda.
Her er vi med bilete.
Det er godt å vere heime.


HJARTA


Eit menneskehjarte er noko meir.
Stille går kvart sekund, kvart minutt, time.
Orda tikkar som hjarta, som lauvet i skogen.
Lange salmevers rullar fram, kjende tonar frå før i tida.
Eg er glad eg ikkje er tømmermann.
Vil ikkje sage skogen, bryne øksa på levande tre.
Hjarta blør når fuglen blør.
Eg skal måle ei stjerne for kvart barn.
Det er godt å ha eit hjarta.
Båten tikkar fram i stormen.


TAKK

Det ordet: takk, det gjer meg glad.
Kan ein takke vert ein rik.
Gud signe den som takkar for sitt liv, sitt brød,
og gjev av det ein har på lån, til bror og nabo, fattig, rik.
Sitt eige liv vert stort, og namnet står i livsens bok.
Ha takk for alt du var for meg. Gud elskar deg. 

49 
MODELL

Jorda er min plattform.
Frå denne staden vil eg vere modell,
eg vil gå i kvite klede gjennom landskapet.

Kvar tid har sine rom.
Eg vil opne rom gjennom mange tider
og vere modell for kjærleik.
Ingen kan stå for Gud med sin kropp.
Vi er gjennomsynlege.
Elden som gjev oss kraft og styrke, og jorda som ber oss fram,
helsar eg, som var det sysken.
Eg vil stille meg fram og vere instrument for Ordet.


MENNESKET

Her er mange løynde rom, her er gangar og vegar av mange slag.
Vi har venger med oss. Himmelen ser oss. Jorda høyrer trinn.
Skal vi vere i fjellet, på havet, i lufta?
Når kvelden kjem legg vi oss til kvile.
Om dagen lyser vi.
Kvart menneske er ei fyrlykt, ei sol i verda.

Stå opp, menneske, og gå mot fjellet.
Her er songen, her høyrer du musikk, og diktrop.
Sjølv om regnet kjem, må vi stille oss fram.
Vi er som vinden, ustanseleg på veg frå ein stad og til ein stad.
Mennesket kjenner ingen veg som er nådd
før ein sjølv når enden, målet.

50 
PREIK

Preik ikkje kjærleik for døde.
Gi blomar til levande folk.
Smelt is og ver tru mot kallet.
Ver Ordet sin tolk.

Preik ikkje tome frasar.
Gje liv til støvet, ein song.
La borna i livet få vokse.
Kvart frø må få stige på jord.

La songen om kjærleik bli tonen
mellom brør og søstrer i dag.
Tida er her, i vår neve.
Vi får og vi gir og vi har.

Uendeleg er denne verda,
Gud skapte med luft og strå.
La skogen, vår hage, få bløme
til ein gong vi skal oppstå.


DITT ANDLET

Ditt andlet er spegel i verda.
Du står mot alt som er skapt.
Så høgt er du elska og æra
at rekninga di vart bestalt.

Du stig som ei stjerne, som blomen,
er prest, doktor, advokat.
Men inst syng den rolege tonen
frå far si signa grav.

Du skulle få verte som andre,
med hender og augo og munn.
Ditt andlet vart heilt omkransa
av skirande himmelsk gull.
Du sit under epletreet, i hagen heime, ein stad.
Du er eit andlet for andre, eit bilete som gjer meg glad.

51 
VATN

Eg er elva på veg til havet,
eg er dropen i elva di.
Eg er kjelda som renn i sjøen
og gjer at du kan ro båten din.
Eg er vatnet i heile verda.
I alt du eig er vatn og liv.

Eg er stemmen som tømer segog som stendig vert ung og rik.Eg er auga du ser og speglar,eg er vatnet i blodet ditt,eg er vegen frå først til æva,og fossen du sergjennom song og dikt.Eg er bekken, den reine, frie,som kurlar, suklar og smyg sin veg.Eg er livet, tanken, djupna.I alt du er - er eg like nær. 

52 
TIDA

Rop, du høyrer rop.
Frå alt i verda er rop og stønn.
Vi kjenner havet som rullar, vinden,
og born som går mellom hus og heim.
Vi ser ei vandring, ei folkeflytting.
Tida ropar til kvar og ein.

Når klokka går kjenner tida pulsen,
når hjarta slår er det liv.
Vi veit at tida er rom og krefter,
er ande, spel, frå ein høg natur.
Vi kjenner vinden som slår og glefsar
og ropar høglydt på vegn min.

Dei blåe kjelder skal aldri turke så lenge livet har rot og segl.
Lauvet stirer og ropar barnet inn til si heilage, varme seng.
Tida kjenner kvart namn, kvar stemme,
og vinden syng til den siste kveld.

FARGAR

Den skapar som skapte vår heilage jord,
vår vakre og gåterike verd,
Han måla med pensel, Han skapte med ord.
Det ordet er fargar, ein glans av Gud sjølv,
og vi er biletet hans.

Evige fargar, fargar i solauga ditt.
Det er inga skam å vere rik på fargar,
kjenne penselen hans.
Det er kjærleik å sjå hans verk
og mette sitt auga med det.

Eg fattar det ikkje, hans armar er glans.
Mørkret og lyset er heilage teikn,
rom til signing og trøyst.
Og i dette smykke av æveleg glans
er du og eg, biletet hans.



Mine blogger

Blogger jeg følger

SONG FOR VÅR TID av Sigve Lauvaas * Side 36-44 (1987)



Side 36
Å MØTE SEG SJØLV

Det er ikkje for å vere kald og trist,
men alle møter seg sjølv til sist.
Det er ikkje for å vere vanskeleg og vrien
at alle møtest på denne stien

Vi ser i spegelen, åra går. Vi er ungdom,
så er vi støv, lauv og strå.
Alle som tenkjer får augo å sjå med.
Eg møter ved porten, drikk vatn or kjelda.
Her skal vi finne vår plass i livet,
her skal vi møte ein kongsson i sivet.
Alle skal møte seg sjølv ved eit ope hav
og sjå Øyværet og mor og far si grav.
Og vi skal plante eit tre til minne.
Ein skog skal vekse for alle born i Israel.


DIKT

Vi er sysken på jorda. Vi skal sloss
for Herren Krist. Til kamp, til kamp for Ordet.
Vår bøn er stor. Sjå Herren kjem.
Syng evangeliet for alle folk. Sjå Kongen kjem.
Sjå Allhers Gud, han kjem i glans.
Jerusalem er kongestolen hans, og alle folk
skal reise seg og synge høgt: Lov Herrens namn!


ORD FOR DAGEN

Her er eit frø. Set det i jorda. Her er ein blom.
Gje den til bestemor. Du er eit levande tre.
Skogen skal vekse. Du ser at verda er god og rik.
Vi skulle i dag lese eit ord frå Den Heilage Skrift:
Om Jesus som gav sitt liv for at du skulle få leve.

37
RØTER

Eig du ein stad der røtene har feste,
da har du noko å lengte etter.
Eig du ein stad i verda du er trygg,
da har du funne kjærleiken, Gud.
Eig du eit namn som gjev styrke og trøyst,
da har du ljoset og hjartevarmen.
Eig du ei stjerne. Sjå månen skin.
Du er blomen, minneblomen, røter av same jord.


EIN DRAUM

Vi andar i sjølve livet
og målar i tid og rom.
Vi dreg skuggar langs vegane
og drøymer at sola snur.
Vi går til vår sjuke nabo
og gjev av vår visdom.
Vi er hjarta i landet
og hundre blåe augo, eit smil.
Vi er kjærleiken som får leve.
Velkomen og farvel, April.


EINSEMD

Einsemd er du og eg.
Einsemd er havet, skogen, fjellet.
Einsemd er vinden du bar, verda du møtte,
fuglen og alle oss.
Einsemd er å gå i ring.
Einsemd er å stanse ved ei grind.
Einsemd er det første steget.
Einsemd er når du ikkje slepp inn.
Einsemd er når du ikkje finn vegen.
Einsemd er å ikkje elske.
Einsemd er den stumme kjærleiken.
Einsemd er det loddrette lyset som gjer blind.
Einsemd er det stumme skriket.
Einsemd er den blå horisonten utan namn.
Einsemd er å gå utanom muren.
Einsemd er svartblinde, døve, som ikkje har ljos.
Einsemd er bilethoggaren som ikkje kan kommunisere.
Einsemd er utan namn i verda.
Einsemd er å vere aleine.
Einsemd er eg og du.

38 
SONG

Vi lever i ei fattig verd
med mykje klagesong.
Og folket søv i djupe skogar
av betong.

Vinden jagar, kveldsklokker
kjem med sine bleike smil.
Ungdom, forheksa ungdom,
går nattetider i store flokkar
under ein kald månesigd.

Og djup er svevnen
og nokre sukkar,
og stormen virvlar
og bekken siklar.

Det er ei purpurraud og merkeleg verd.
Vi lever og slit for å vere den vi er,
og klagar som ei einsleg mor i natta.
Vi er dei nye framande, vi er slekta
som opnar og lukkar ein gamal mur.
Og himmelen reiser seg, og Gud Herren signar
det rotlause folket: Nå kan de prøve på ny!


SIGBJØRN OBSTFELDER

Så ny som ein vår, så ny
som syrinar. Dikt.
Obstfelder er lys
og varme, på nytt!
Orkester av ord.
Små, lette, korallar.
Filoinstryk, som vind
over nyfødt landskap.
Sjå inn! Gitar i lauvet,
stryk ditt varme kinn.
Du er stor i kveld.
Ord frå streng, vind
som ruskar i lauvet,
som vil inn. Berre du
såg denne kjærleiken.
I kveld er du ord.

39 
UNDER VINTERSOL

No stig sola.
Dagen kjem.
Eldast du som ikkje ser.
Her er liv i sjø og vatn.
Fuglen syng så fint.

Snøen fer.
Det er dag, og sol.
Ingen møtte deg, og du
var nitten år i går.
Du gøymde gleda i hjarta
og skein som stjernesol,
for du hadde møtt henne,
ein engel på jord.

Og jorda var frosen og hard,
og ingen fekk sjå i ord.
Du løynde alt til dagen,
Den trettande,
tjuande dag jul, ved ei frosen elv.
Da vart det ringar under fullmåneljos,
og snøen hadde kvasse spor, men
kjærleiken skal overleve.


MØTE

Møttest i mørkret.
Ho helsa og gjekk jamsides
eit stykke, så kom ropet
om berging.
Ville sjå denne sjøen,
og ho synte meg alt.
Fekk ikkje fred til å kvile
før ringane var sett på,
og ønskjediktet kom fram.

40 
KROSSAR

Gjekk fram og fekk sjå
krossar av mange slag.
Under torva låg dei
som døydde  i båreslag.

Eit minne om dei falne
og sakna i sjøen her
står skrive på koparplata
ved kyrkjeporten, der.

Krigen kravde mange,
mange fekk heimlovsbrev.
Sjølv i den svartaste timen
fekk soldaten himmelfred.

Her er alle krossar så svarte,
for steinen er slik her.
Gud Fader, fer over landet,
og sender sin englehær.

Han vaktar frå høge himmel
og er i kvar minste dal,
Han ser gjennom stjernevrimmel
kvar mørklagde kyrkjegard.

Du er i Hans auga ein engel,
du er av heilag slekt.
Gud kallar deg konge og keisar,
disippel, hyrde og prest.


PÅ EI ØY

Langt frå land, på ei øy,
på ein holme.
Langt frå eit himmelspir.
Kulden gneg i landet,
og menneskebarnet frys.
Kven kjem i den siste time?
Kven tenner ljos?
Kven gjev oss varme, kjærleik
og songen i kyrkjekor?

41 
REFLEKSJONAR

Sjå etter dei andre, sjå kva dei gjer.
Finne seg sjølv.
Ha omtanke, omsut, kjensle og sjel.
Sjå etter ein bror i naud.
Vere vaken og leve, der vi er,
Halde fast på tanke og tru.
Ta imot ei utstrekt hand.


SPØR IKKJE VINDEN

Spør ikkje vinden, spør meg.
Eg er dei attgløymde steg.
Spør kvar eg gjekk, kva eg såg.
Eg svarar med gråt.

Spør ikkje vinden, når noko er gale.
Spør kvifor ekorn har hals og hale.
Spør med ditt hjarta. La tankar få ord.
Eg er ei boble frå bibelkor.

Spør ikkje vinden når lauvet fyk.
Kreftene dirrar i jente og gut.
Spør kva det vart til, spør etter spor.
Eg vil sjå snøen før åkeren gror.


SEPTEMBER

Stigar i marka etter fotefar.
Solauga på hell.
Bær speglar dagen, og alt eg eig
er ein fortryllande tanke.
Nå skal frukta få hovud og bein.
Eg sel alt, og lettar anker.

September på hell
og sol i eit haustgult hav.
Ein måne som stig, eit flagg som går ned.
Aldri såg eg så fjåg ei jente som deg.
Or kveldinga kraup du med alt du har
og gav det til meg.

42  
KONGEN

Skal kongen styre landet,
må alle vere med.
Da skriv vi namn i sanden,
og helsar fred.


ENERGI

Alt ein gjer krev energi
og skapar energi.
Mennesket er energi, og gir energi.
Til overmål er alt levande energi.
Energi til å sko seg med, kle seg med, til å ete.
Kjærleik og song er energi, latter er energi.
Måleriet er ein energisk ladning, eit energifelt,
ein plattform, ein base, ein spegel.

I dette energilandskapet lever vi.
Energikuler på leiting,
lyspærer i verkstaden, med mål og meining.
Vi er energi i prosess, i handling,
så lenge sola skin og graset er grønt.
Dette energilandskapet skal vere vår slagmark.
I dette landskapet skal vi heise flagg og fire flagg.
Vi kjenner elvar som renn, trådar som gløder, land som skjelv.
Vi er i båten, på vegen, mot eit nytt landskap
utan karusell og slagmark.
Vi høyrer songen og kjenner stemmen:
Jerusalem!

43 
SONG

Utdanning, alle i same fil, i same fjord, i Sameland.
Her kan vi leve og skape smil, skape fil, i eventyrland.
Utdanning, alle, frå vi var små, ganske små, vi fekk ei hand.
Vi hadde eit namn og vi fekk ein song,
vi song kvar kveld, kvar kveld.
I månelys, i svarte natt, vi song til draumen tok sin skatt,
og helga han og ho.
Og alle sov, og far og mor, dei song kvar kveld i kor.
Alle er blomar og lys på jord, frø og bær og frukt.
Vi helsar kvarandre med trylleord, og kjenneord og lått.
Vi er fnisete, store, små, før vi skal ut og gå.
Alle seier ja-ord, smile-ord, rare ord, alle seier: namnet sitt,
kva dei skal bli til sist, etter utdanning: - Dynamitt!


LAUVET

Når det kviskrar i lauvet, når blomane spør,
når kvinne og mann går bak lukka dør,
når urett og rett går i same takt,
da er det ‘kje lenge før nattevakt.

Du plantar eit tre, lauvet fyk, venen min.
Så elskar du berre Glitretind.
Du går frå den eine, frå gard og grunn,
og lauvet fyk - som fuglen frå reiret.

Og treet er grønt med ei ny stamme.
Det er tidleg vår. Så er lauvet i flamme.
Og vinteren kjem. Du kan sjå at det var
årringar etter eit fotefar.

44 
SIGNALER

Dei kjem imot oss. Dei er der vi er.
Signaler til alle. Signaler for klokskap, for kjærleik og von,
signaler for kjensler og tru, signaler for kulde og redsel,
for at du er du.
Signaler i byens gatestøv og neonlys, klaprende fottrinn
frå dei som var før, for englar, og barn som dør.
Signaler i augo, i mast og spir, i måne og sol,
i fyrtårn, antenne, kvart gatelys,
signaler er det vi er, - glødetråd!



TENN LYS

I mørke kveld, tenn lys, o' Gud.
Tenn lys for vår sjel, for fred.
La alle menneske bli tydelege, la andlet kome fram.
Som stjerner bak skyene: kom fram med lys og kraft.
Kvart barn er som ei lykt, eit hus.
La skine alle våre barn, vårt folk i kalde nord.
Ord, kom fram or mørkret. Ei stjerne skin.
Alle lys skal vere her, i denne stund.
Eit møte. Sjå, eit andlet gret.
Vi er alle lys, berre vi kan sjå
Kjærleiken.