søndag 17. mars 2013

SONG FOR VÅR TID av Sigve Lauvaas * Side 2-12 (1987)



Side 2
EINSEMD


Einsemd er å gå med nedbøygd rygg.
Einsemd er å gå med stutte steg.
Einsemd er å gå innafor muren.
Einsemd er å gå same vegen.
Einsemd er lengt etter noko du ikkje kan nå.
Einsemd er å stå fast i snøen.
Einsemd er å stå under ein månesigd.
Einsemd er å vere langt ifrå heimen.


SONG

Eg har skrive fleire dikt, nistepakkedikt,
songar for ein tur i fjellet.
Så gjekk eg ut, og eg såg aldri meir
desse augo, desse bileta, desse orda: borna
som eg gav ein song for vår tid,
vår vanskelege, blodsvarte tid.
Eg gjekk ut, eg gjekk ein tur i fjellet,
høgt, langt bort i fjellet, og der såg eg Gud.
Det var eg og du, aleine i  fjellet.


KONTRAST

Eg var i Chicago, New York, Madrid,
eg var i London, København, Paris,
eg var i Oslo, Hamburg, Jerusalem,
eg var i Helsinki, Warszawa, Berlin,
eg var i Stockholm, Belfast, New Orleans,
eg var i Beograd, Athen, San Francisco,
eg var i Betlehem, Roma, Munchen,
eg var i Los Angeles, Lisboa, Montreal,
eg var i Reykjavik, Amsterdam, Brussel,
eg var i Milano, Seattle, Glasgow,
eg var ein nordmann på reis i verda,
eg reiser stadig, og det er livet,
eg møter folket og meg sjølv i døra.

ALLE DESSE TING

Alle desse ting vi har tala om,
både om høvisk framferd og god sed,
det kan ingen læra
utan mannavit.
Det er og mannavit at ein vil be om eitkvart.
Les Håvamål, og du vil skjøna at gjerrigskap
vil snu seg til skam, men høvisk framferd
og god sed  gjev stor rikdom.
Berre slik vert ein fagnadmann i landet.


OM NATTA

Om natta, det var om natta,
det var ei fin natt
med film og snø.
Ein roman.
Snø fall ovanfrå, sidelengs,
bortetter vegen, virvel.
Ingen ord, berre snø på veggen,
oppetter leggen, over trea,
skogen, fjella.
Om natta, når alle søv,
reiser vinden,
og ungane vaknar og spør:
Kan vi grave og bygge her?
Så lagar dei ei snølykt
og helsar den vide jorda:
God morgon, Noreg.


TIDA

Det er tid, det er vår,
det er uro i hjarta,
det er søndag, og spegelen lyser
og klokka slår.
Mitt auga stig ned i draumen
og talar fred, talar for opne dører,
som munnen talar om solstråler og valmuefrø.

Det er tid til å finne kvarandre, omfamne kjærleiken,
sjå inn i dei opne gatene, det opne landskapet.
Det er tid for steinen å bløme,
jorda å smile, hjarta å slå.
Det er tid til å kome attende. Morgonen er ljos,
og vi er ein evig månesigd, eit ljosberande frø.
Vi er det nye som stig om våren og blømer.
Vi reiser oss og roper fred.
Vi ser på kvarandre og er med i dansen.

4
VELKOMEN

Til festen må alle koma.
Velkomen i Jesu namn.
Her et vi og drikk.
Så syng vi salmar og åndelege dikt,
og lyser fred over landet,
og ber Herren vår stå oss bi,
så vi kan verte fri slavebandet.


NÅR KVELDEN KJEM I BERGEN

Det er ein dur av dis og ro,
det er ein stille draum:
at ho som gjekk frå mannen sin
må finne heim,
at han som drakk opp løna si
må verte god att.

Og kvelden er eit skal av bly
som kjem og stengjer for di dør,
og kvelden er eit ope sjal,
eit hjarta for den som spør.

Bergen er ein signa by av kloke menn
som jagar mot eit mål: profitt.
Og Universitetet stig med penn og spir,
og data loggast inn og ut,
og du er fri.
Så reiser du til Sunnhordland,
til Sunnmøre, til Jæren,
så vert du far, så vert du gravid.
Så veks slekta mil etter mil.
Oasen og treffpunktet og skogen om natta
spør: Kven er eg? Eit bilete, ei dør?
Heimemiljø, stille vatn.


LANDSKAP

Vårt eige vesle landskap, båten på fjorden,
øya i havet, denne månesigden som spør
etter namn, etter deg og meg.
Vårt eige vesle landskap, fyrtårnet, fjellet,
det er veg, bruene, tunnel-trafikken.
Vi som går att og ser, stoggar litt og går
langs dei gamle vegane, kongevegane. Jæren.

Når du er, så er du noko av oss, ein spegel
for vårt hjarta, ein vind som blæs og blæs.
Ein trompet ular i rullesteinar, havet kjem
inn i bislaget, inn i kleskåpet, inn i dyna.
Du kjenner det riv og slit i di eiga sjel:
Og det mektige havet spør: Er du av vår ætt?
Det lyser ein himmel på Jæren for alle folk.


HER ER EG

Nitten åttisju, eg sit med vers. Eg les
Snorre, Homer, Kongespegelen, An-Magritt.
Kong David fall i synd. Eg er og ein syndig mann,
men ikkje slik som han. Eg græt. Det
er mi arvesynd. Eg er kje fri. Men Ordet seier:
"Ljoset skin i mørkret". Her er eg.


FRAMAND SLETTE

Ei underleg framand slette,
eit åkerland,
ein høgsong for Vår Herre.

Ei elv i dine hender,
stiar i di handflate,
sletter av udyrka mark,
flokkar med kveg.

Ein oase i landskapet,
der du sit i skuggen av ei palme.
Vi går dit kvar dag
og drikk levande vatn.


SJÅ OG HØYR

Gå der ingen veg er,
sjå der ikkje noko er,
høyr der alt er stumt,
tal der ingen høyrer.

Uroa ikkje hjarta ditt,
mål ikkje svarte ord,
gå der ingen før har gått,
sjå det ingen før har sett,
høyr det ingen før har høyrt:
Møt Gud.


VISDOMMEN

Visdommens hus har mange portar.
I kvar port møter han deg
og gjev deg ljos og varme,
og skinande nye klede.

Visdommens far er ikkje langt borte,
og kvar dag kan du sjå stjerna
over Betlehem:
Hans namn skal vere Jesus.
Og englane song,
og visdomens portar vart opna,
og alle folkeslag skal møte han.
Og det vart morgon fyrste dagen,
og disiplane fortalde
alt det dei hadde sett og høyrt.
Og om vi snublar, vil han reise oss
og gje oss eit nytt ljos.
Han vil kle oss med sin visdom,
og ordet frå hans munn
skal vi bere ut til alle folkeslag.
Og han skal kome att
for å døme levande og daude.


UTAN MANGE ORD

Vi skal møte
utan mange ord,
gå blomevegen, kyrkjevegen.
I dag fekk eg eit ja,
og ho skulle møte
med sitt eige bilete.

Det er tungt å trø dansen
under molda.
Det er ikkje bruk for mange ord
siste dagen.
Blomane skulle ein gje
medan vår bror lever.

Den som elskar sitt eige liv
vil kunne elske sin neste.
Det er ikkje dei mange orda
som skal redde verda,
men eit levande ljos.


MENNESKET

Vi skal alle vere eit skjul for vinden,
eit ly mot piskande regn.
Vi skal alle vere som bekkar i ørkensanden,
som skuggar av eit mektig fjell.
Vi skal alle vere opne grinder
for sauene som kjem heim.
Vi skal vere for kvarandre som Gud.
Vi er dei opne armane som fyller verda
og dyrkar jorda og sår frøet, Guds ord.



MÅLERI

Bleike fargar gjer seg godt
omstråla av ljos.
Born ved ei grind sloss.
Visdommen gjev oss rom.
Vi ber bører kvar for oss.
I ein båt ut fjorden
møter vi månen og himmelen,
blodraud som ein kross.


ALLE VIL LEVE

Den som et brødet, drikk vatnet,
sår frøet, vil leve.
Songar kan ikkje aleine halde liv i oss,
men skal vi skjøne kven vi er,
må vi ete, synge og danse.

Fangstmannen lever av eventyret
like mykje som av føda.
Når han frys må han halde ut, viss Gud vil.
Fangstmannen er som ein av oss,
ein mann som vil leve, danse og drøyme.

Før barnet var alle opptekne av seg sjølv;
nå er det kven som skal ha barnet,
viss det ikkje går slik og slik...
Før var kjærleiken maten og stovevarmen,
orda frå mor og far, bestemor og bestefar;
nå er kjærleiken å ete, synge og danse.


RØRSLENE

Eg målar med fingrane, målar verda blå,
slik ho er i augo mine, slik eg ser henne
i spegelen. Eg målar eit stykke svart,
fordi eg vil sjå meg sjølv, og grønt gras
skal vekse og gje rørslene mine eit anna liv.
Eg målar ei hytte på fjellet, målar fjellet
med varme kjelder og kalde kjelder. Eg målar
havet og himmelen grå, og vatnet strøymer ned,
og augo mine reiste seg og lagar ein regnboge.
Eg målar ein båt i fjorden for fulle segl.


BERRE EG KUNNE SJÅ

Eg har ei sol, og sola kraup inn i natta,
og natta vart til dag, og dagen lyste.
Eg har ein måne, og månen kraup inn i dagen,
og dagen vart til natt, og natta lyste.

Nå gjeld det å halde spegelen beint,
nå gjeld det å halde på strålane.
Eg er i ein tunnel og ser himmel og stjerner,
eg ser sauer og kyr beitar og ein hest.

Glitretind, Fujiyama, Ararat. Eg ser månen
kryp nedetter fjellsida, og møter meg.
Det er morgon på dei snøkledde viddene.
Eg reiser med vinden. Eg er himmelbrevet.


SNAKK MED FOLK

Skriv ned det du høyrer. Ein dag
er ikkje det mennesket meir. Du
står med eit ope sår. Kvifor fekk
du ikkje skrive det ned? Det er
ikkje tilfeldig at jorda er rund,
det ligg i naturlova frå Skaparen.

Du strekk ikkje til? Du er ikkje?
Skaparkrafta er broten ned. Soga
fortel at du er ei morgonstjerne.
Så er du på talefot, så er du med
i skrivarstova, og du tek leiinga
og skriv heile folket si sak: Gud.


EIT VERS

Til ein fjern slektning skriv eg,
men eg møter han kanskje aldri.
Det er eit sakn at vi skal bu så langt borte
at det er berre på slump liksom at vi møtest.
Du kjenner sikkert det stikk i deg og,
for du har og slekt, og det er ofte slik
at vegane er så stengde. Eg får ei helsing
og kanskje eg får eit brev. Slekta er stor,
og det går kanskje år og dag før eg ser deg att.
Du er velkomen, men du reiser heller til Syden,
du vil ikkje uroe, så tenkjer du vel
at tida er så knapp, at det er lite å gjere på.
Vi skulle i alle høve møtast ein dag,
vi skulle lage til eit treff. Og da kjem eg,
og du kjem kanskje - fordi du tykkjer du må.
Ein fjern slektning har ikkje så mykje band,
føler ikkje at det er så om å gjere
å treffast. Han veit jo litt og har familie
og nok å ta seg til. Og åra går, og vi
som gløder for dette slektsbandet, vi må gå
i graset under ei hengebjørk, tuntreet heime.
Slekta er ei gåve, det er halve verda.
Du skulle skrive det ned, namnet til far og mor.


FJELLET

Stig opp på fjellet, sjå Gud.
Her er ein møtestad for alle folk,
her skal du stige og stige.
Du er ei sol, ei stråle, eit ord
frå Herren, eit frø i Sinai's jord.

Stig opp på fjellet, ver spegel
og ljos for Jerusalem. Møt opp
på fjellet, sjå dette landet som stig:
Israel. I dine hender vil eg bu.
Der vil eg byggje eit altar for Gud.


ORD

I alt som møter deg er ord.
Ord er ein spegel, ei kraft.
Du kan ikkje klare deg utan ord.
Ord er vårt inste, sjela.

Ord gjev tankane meining.
Du får nye syner på tilværet.
Ord er livet, ord er namnet,
det vi ber fram for Gud.

I alt som møter eit menneske
er morgondagen ukjend.
Nå lyser ordet og sanninga
inn gjennom glaset til deg.


EG MÅ LE

Elske dette brevet, elske ord,
elske denne grove handa,
denne fine handa.
Elske far og mor, elske alle
som kjem i vegen,
kvit himmel, namn, elske jord.

Eg må gråte, eg må le, eg er:
ein vanleg blåkvit morgon, snø
som kjem og kjem. Eg elskar
dette brevet, desse blomane.
God dag! God dag!

Eg elskar augo som ligg i senga,
elskar katten, eg elskar
uroa som stig. Så vert det FRED,
ein underleg fred
etter alt dette. Du som gjekk
opp trappa: Ein engel.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar