søndag 17. mars 2013

SONG FOR VÅR TID av Sigve Lauvaas * Side 24-35 (1987)



Side 24
SLEKT

Vi har alle ei slekt å tenkje på.
Innhaldet i alt som rører seg
er Gud. Vi er strå og lauv.
Kjenner du alle dine, har du namna
på besteforeldra, oldeforeldra,
tippoldeforeldra, tipptippoldeforeldra,
så er du rik som ein keisar.
Da er kjærleiken rik som spegelen,
og namnet er ein trygg møtestad.


FRÅ GRASROTA

Å skrive seg inn i folkesjela,
kjenne pulsen, vere akkurat der,
hos sine eigne,
å møte seg sjølv i dette livet
som berre reknar i pengar.

Alt er liksom så meiningslaust
utan å møte eit einaste menneske,
nokon å vere saman med.

Kvar kjem vel til sitt,
men kvar kjem eg
som berre har ord å dele ut?

Vi er alle skogsmaur,
maskinar, summande bier
på leit etter honning.
Frå grasrota får vi svar
mot kvelden,
opne dører for brød og vatn.
Vi kjenner varmen, kjærleiken
frå ordet som signar deg og meg.


SNAKKE OM DET

Snakke om noko som gjer oss alle rikare,
gladare, får oss til å sjå, høyre
susen frå havet. Vi går stigar og møtest
ved ei grind, vi stig mot fjellet.
Snakkar om det som er vanskeleg, snakkar
seg ferdig med problema, snakkar
så ein vert sterk og kan gå sjølve,
mil etter mil. Vi kviler oss saman. Det
er eit ord: Frå slekt til slekt
skal vi møtast og gje det beste: Ordet.

25 
DEI FRAMANDE FUGLANE

Med augo feste på eit paradis
og med falske papir i hendene
stuper dei inn over oss.

Dei framande tek tak i Oslogryta
og tek sitt morgonbad og si morgonsuppe.
Bønetimen legg dei seg på kne i NSB
og vaggar kroppane, vaggar, vaggar.
Den norske trygdemaskinen står klar,
utprøvd og ferdig til alle. Alle er like
i augo til presten, i augo til byråkraten.
Den raude skuggen frå oljegigantane i sør
stig inn over oss. Her er det ikkje farleg.
Her går milliardane ut til folket,
og dei kallar det ikkje u-hjelp.
Det er sosialhjelp frå Allah.


UNDRING

I aust stig sola opp, i vest går sola ned.
Himmelhjulet styrer dag og månad og år.
Eg står her undrande for den korte stunda.
Gud skapte tida, blomen, mennesket
og alt jorda fløymer av.
Ein fugl fyk, eit menneske fer over havet,
under himmelkvelven.
Den korte stunda mellom natt og dag er fuglen stille,
så roper den, og sola kjem, og så kjem æva.



VÅR GJERNING

Sjå på alt du gjer som ei teneste
for Herren.
Da vert du glad i den gjerning du gjer
og kvardagen din vert fest.

Og alt vi gjer
skal vere ei teneste for Gud.
Vi skal takke Vår Herre for livet
og gje han alt.

Vi skal vere aktive for vår neste
og open for Guds røyst.
Ordet frå Herren skal vere vegen og livet.
Vår trøyst.

Gud syner oss sin nåde og sender oss ut.
Å vere kristen er å kjenne Gud.
Vi har fått ei gåve frå Herren.
Vi er vorte hans sendebud.

Vårt liv skal vere ei bøn og ein takkesong.
Vi prisar Gud og elskar hans namn.
I kraft av hans ord vert syndaren frelst.
Vår gjerning er å gje ordet vidare.
Vi er hans kjærleik og trøyst på jord.
Vi er såmenn i Guds hage.


LANDSKAP

Her er nok å skrive om
for den som er diktar.
Her er nok å skrive om
for den som har ord.

Landskapet bur i mennesket.
Mennesket er landskapet.
Vi gjer eit utval og skriv
dikt for vår tid.

Vi diktar og gjendiktar.
Landskapet lever.
Ei sol for alle menneske
er ordet frå Gud.
Skogen er vår bror.
Høgg vi treet, høgg vi
i vår eigen fot.
Skogen har mange namn.

Slettene, dalen, fjellet,
fossen, himmelkvelven.
Regnbogen lyser, måne, sol,
stjerner, menneskebarnet.

Landskapet reiser seg, stig
i uendeleg ro. Havet
er veg mellom folk. Ro.
Elsk lauvet. Elsk deg sjølv.


DEI ANDRE

Ikkje mange dikt, berre nokre få.
Ikkje mange ord, berre nokre få.
Ikkje eit langt liv, men eit rikt liv,
eit liv med rom og dører, med vind og straumar.

Ord kjem inn i oss, og vi pustar liv i dei.
Ord lokkar oss, ber oss over blautmyra.
Vi er ord. Vi finn kvarandre.
Vi har eit underleg språk, og vi er sjølve ei gåte.

Dei andre, det er oss det. Alle er i same båt,
og vi bur på same øya. Tankane våre strekk ikkje til.
Draumane gjev oss innsikt i det som er bak glitteret.
Uran kan skape ei bølgje i menneskehavet, livet.


DEN VIDE VERDA

Og var ho mi den vide verd,
så var eg ikkje her.
Og blomane som nå veks vilt,
dei fekk eg aldri sjå.
Eg ønskte natt og dag at du
var verda mi og eg var god.
Eg gav deg ljos frå himmelrik.
Du var ein kjærleiksblom.


ORD

Kom inn til oss alle.
Sjå vi er til.
Skatt frå det høge, kjærleik, barn.
Kom inn med din skugge, ditt smil, dine tårer.
Ord som kan skape, ver alltid hos oss.
Vind, du vårt altar, vår bøn på vår veg,
sving våre klede, så vi kan sjå deg.
Ord, gjer oss vakne, vårt auga, vår skatt.
Vi treng sjå ordet og kjenne det ropar.
Ordet er barnet og Gud er ordet.


SYNG


I dag må du synge, dagen er din. Syng for di eiga framtid.
Syng over jord kvar godversdag, syng for livet og barnet.
Syng kvar ein blome i skogen, syng. Syng over heile verda.
Songen gjev orda ein ekstra lyd.
Klangen gjev styrke, din stemme.
Du er nå heime, og dagen er din. Signe deg, barnet, så lenge.


SANNING

Alt er eit knust bilete.
berre kjærleiken kan gje den blinde ljos
og den farlause namn.
Verda er knust i krig, i naud.
det brenn i ørkensanden, det brenn
langs vegane, jorda brenn.
Berre sanninga gjev biletet styrke.
Sanninga kan redde den falne.
Sanninga er kjærleiken, Gud, Ordet.
Vegen til sanninga går gjennom eit nålauga.
Vi må leggje alt av oss for å sjå biletet
av den krossfeste, Jesus Kristus.


LYFT MEG

Eg stig mot høgare mål.
Alt det eg kjende i draumen
var lengt.

Lyft meg, gjev viljen mot,
la meg stå på min fot
på di øy. La meg sjå
mine steg, steg for steg.

Eg stig. Min draum er komen
inn i stova, inn i verda. Eg stig.
Eit møte med ei øy, eit hav -
synleg, skjelvande, framfor Gud.

  
DU MØTTE MEG

Du møtte meg med din lengt.
Eg såg dine furer i panna
og møtte dine tårer med varme.
Du nådde meg med fridom.

Du var ordlaus, men ikkje kjenslelaus.
Du hadde gode gåver. Du møtte meg
andlet til andlet med djupe augo.
Mitt liv, mitt namn dirra i rimet.

Du var lengt, ei gåve frå Gud,
eit trøystarord, draumen.
Du opna deg, kledde deg av
og stod der med ropande hender.

Eg trekkjer meg attende, gøymer meg,
men du strekkjer armane ut, leitar etter meg.
Eg vert redd. Ei sky stig, ein geysir stig.
Eg er aleine med mitt eige andlet, min eigen pust.


GATEBILETE

Dei sirklar kringom,
dei jobbar med sitt,
stig over muren.

Dei treng nokon å halde seg i,
treng nokon å dele seg med.
Dei skjelv i natta, skjelv
i gatebilete.

Du ser dei i søppelfyllinga,
vår generasjon, våre eigne.
Andre finn hus i sosialkvartalet.
Du møter dei. Dei møter deg.
Du er fin, du går med nye klede.
Heilt utan arbeid, men med hus og heim.
Du sender halvparten til ditt fedreland.
Vi ser deg med eit smil.


EIN KUNSTNAR TENKJER

Ser ingen,
du er aleine.
Biletet dirrar.
Hjelpelaus går du og frys.

Noko norsk kunst frå før i tida:
ei stavkyrkje, ein slede, ei kvern
i møte med deg.

Vår identitet, vår kvalitet, vår kultur:
Kva er det?

Vi er mållause, morlause, farlause, jordlause.
Vi er brukarar i eit politisk system.
Vi tenkjer som dei foreldrelause, og skrik.


KUNSTEN

Døyr kunsten, døyr Noreg,
døyr sjølve sjela, vår eigen pust.

Døyr kunsten vert mange heimlause
tiggarar langs vegane.

Vi treng kulturlandskapet,
kvar manns minnebok.
Vi må ikkje gløyme vår fedrearv,
vår far og mor.

Kunsten skal halde oss oppe
som lysande stjerner.
Vi skal vere merkesteinar,
kjærleik, varme.
Som eit fjell mot himmelblånen
skal vi stråle fram og stige.
Vi skal vere bilete i Guds rike.


PÅ ISLAND

Kvart år tek vi buksene av
og let regnet og vinden skure.
Kvart år er ein liten geysir
i mennesket sin tanke.
Kvart år flyg ei ørn over huset
i bølgjande kast.
Kvart år er eg på Island
med nye hjarteslag.
Kvart år er eg ein sjåar
og finn meg sjølv ein dag.


APESTREKAR

Å streke etter vegen, etter nokon
som eig eit hus, ein bil -
streke etter samtidspoesi.
Å streke seg varm i trøya, streke
med kunstnarpenn, streke for sitt liv,
streke, streke for skattar og avgifter,
streke for å få plass i barnehagar.
Å streke med ein skuldertrekning,
streke med stigar av aluminium,
streke med importerte glasskår,
importerte sko, streke seg sjølv i sanden.


TIDA RENN

Stans tida. Stans og vent. Eg er eit barn,
eit nyfødd barn på veg til mor og far.
Ein hageport er open. Nokon kjem. Stans litt.
Eit barn har kasta skjerfet sitt, og våren
stig som vind or jord, og dagen kjem med barn,
med ord. Stopp reisa di. Det du eig
er alt for meg. Ein blomekrans. Du får mi hand.
Og tida renn. Stans eit bel. Sjå vegen snur.
Vent på meg. Det er kanskje siste gong -
og hausten kjem, og vinteren legg band på meg.
Og du er fri. Ein engel kom. Eg skriv ditt namn.
Så lenge som eg lever skal eg minnast deg.


UNGDOM

Der ligg ei glo
og ventar ein stad,
der gøymest ei glo
i kvart levande blad.
Det sprett av framtid,
av von og mot -
i ungdommens brus,
som foss av eit stup.

Ungdommen vert vekt,
ungdommen vert grøn og fager
og reiser vekk.
Så kjem dei att
med eit nytt språk,
ei ny tid i kofferten.
Dei strøymer ut i verda,
så kjem dei att
og jublar som barn
som har funne ein skatt.

Ungdommens glød er ein styrke
som kveikjer dei gamle og grå.
Ungdommen kjem med si soge.
Nå er det tid for å feire
dagen for eldsteguten vår.
Og så skal dei byggje, dei unge,
og møtest ein stad på kartet.
Flagget vert heist i glede
og ungdommen syng: Gamle Noreg.


KVITVEIS

Sjå kor kvitt det er alle stader.
Ein fin liten blome i handa mi.
Ei jente spring hovudstups. Her skal det vere
fest for alle som kjem og syng. Du er einaste
guten i verda som elskar å vere blomen min.
Syng alle jenter, så spring alle gutar. Nå
er det fest, og skogen lyser. Kvitveis er du
som er venen min. Og vi er aleine i skogen.
  

MÅL OG MEINING

Har du eit mål? Vil du fram?
Ser du ei meining med det du gjer?

Vegen er bratt, men du kjenner den vel.
Her må du gå aleine. vegen til målet
er ingen latmannsveg. Men kjem du fram,
vil ljoset stige. Du er den einaste.
Du ser ein blomerik krans velte imot deg.

Målet du trudde på,
det var eit svar.
Meininga med livet
var ordet du gav.
Og vegen du gjekk
vart ein lysande veg
for slekt etter slekt.
Du bar namnet som lyser
ut i ei framand verd.
Stjerna skal lyse for deg.


EI ØY I HAVET

Ei øy i havet, ei øy
med mange munnar. Ei øy
for Gud og kvar mann.

Her kjenner vi oss heime,
her er vi i båt med den beste.
Vi et og drikk, vi søv.

Ei øy i havet er noko meir.
Vi kan ikkje gløyme, vi kan ikkje leggje det frå oss.
Havet som gjekk kvitt, hamna
som alle var glad i.


TESTAMENTE

Dei siste ord eg skriv er gull.
Eg skriv for alle mine, ord
som du og eg og oss. Vi skal
byggje, aldri gje oss, heise flagget,
vere den vi er. Og til sist ein dag
få stupe inn i Jesu Kristi grav.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar