søndag 17. mars 2013

SONG FOR VÅR TID av Sigve Lauvaas * Side 13-23 (1987)



Side 13
REGN UNDER OPEN HIMMEL

Regn, langt frå folk,
regn mellom buskar og steinar
i eit bart og goldt landskap.
Svaberg, fjellplatå, katedral.
Alt er her mellom stjerner,
under open himmel. Regn piskar,
regn møter alle med glede,
møter med sitt panser.
Og himmelen vert skygrå,
blågrå, gulgrå, raud som oliven.
Her står eg, eit menneske
og ser etter ei måneharpe.

EIN SVART PRIKK


Det er lenge sidan eg sat på Høgafjellet.
Her ser du folk som små dyr,
og frå Høgaborgå vert folk små prikkar.
Berre ein kjem langt nok opp,
så vert alle små, så kan sikkert den eine
møte den andre, så kan eg og tale.
Alle høyrer ikkje like godt, det er slik
i naturen og, i landskapet. Vi møter
som svarte prikkar og søv i steinrøysa.
Vi toler ikkje sjå garden, der far levde,
vi toler ikkje sjå garden, der mor levde.
Vi berre reiser som strek forbi. Det
var før, at alle måtte gjere noko. Nå
har vi fått det godt. Bjørka er nasjonal-
eigedom. Vi lever alle i ein nasjonalpark.
Noreg er utropa til å vere Nasjonalsenter
for heile den vestlege verda, og alt er fritt.
Berre vi må vere her, og vi må synge: Målet
hennar mor, og vi må gå i nasjonaldrakt.
Det er eit nytt satsingsområde: Felelåt
og bekkesurr og fossedur og geitelort.
Frå Preikestolen ser ein heile verda,
og fjorden skal tale sitt språk, og fjella.


EI KONE

Ho var hjelpsam, ho var tru.
Alt ho gav hadde ingen ende.
Ho kjende seg heime
der ho kunne hjelpe.
Ho var ein engel for guten vår
og lærte han Fadervår
og gav han ein verdig levemåte
å byggje vidare på.
Kona gav alt
til ho sjølv måtte ha hjelp,
men ikkje alle hugsa då
kven dei skulle tenkje på,
og når kona for
var der ikkje mange som såg til grava.
Ho levde så ekte, slik oppi alt.
Ho var eit levande døme
på det heilage allmenne prestekall.


VERDA VIL DØY

Planeten jorda, der vi bur,
er snart utan reint vatn,
er snart utan rein luft,
er snart utan skog,
er snart utan grønt gras.

I denne verda går menneske i blinde,
og mange søv seg gjennom livet.
Få er dei som høyrer stormklokkene.
Supermaktene lagar våpen, så alle er i arbeid,
og nokre land berre krigar, drep.
Nettene er ljose av granatar, og borna
kjenner seg sjølv som ei fluge.
Svolten gneg og ørkensanden kjem nærare.

Dødsdømde ventar på tida for avretting.
Men mennesket ønskjer ikkje å døy,
likevel er der mange som går i blinde
og skyt blink, sundbrotne av sjukdomar.

Denne døde planeten var ein gong ei mor
for alle menneske. Og eg hugsar eg song
medan eg samla kornaks. Stjernene lyste
om natta og sola om dagen, og jorda gav grøde
og var ein spegel av Gosen. Så kom stormen,
og kvelarslangane gjekk over landet. Du
såg døde folk og dyr, og der var ikkje fuglar,
og skogen var grøn. Vinrankene var svarte
av ei slimet hinne. Sola kom ikkje gjennom.
Denne døde planeten var ein gong ein far.
Så kom angsten og krigen og bålet. Vi
måtte krype etter luft. Så var det slutt.


MIN SONG

Min song er nyttelaus.
Ingen les mine dikt,
mi klage er ikkje for mitt folk.
Ingen vil få vite at eg har levd,
for alle skal døy ein dag.

Eg syng, eg protesterer mot krigen,
mot våpenkapplaupet, mot kreftsvulsten
som gjer at alle må døy.
Eg veit ikkje kven som høyrer min song,
likevel syng eg framfor døden.
I skuggen av ein øydelagt heim syng eg,
og det blæs så tuntreet veltar.


TIL EI JENTE

Nå vil eg leggje meg ned og drøyme
om jenta mi. Eg kan kje gløyme.
Eg sovnar inn med dei beste tankar
og høyrer hjarta til jenta bankar.

Eg høyrer fuglen, og fisken vaker.
Det er i undring eg går og rakar.
Eg er ein slåttekar sommartid,
og nå er jenta full vorten mi.

Nå vil eg sove, nå vil eg drøyme
om jenta mi. Eg kan kje gløyme.
Ho er så vakker, ho er så ven
som var ho engel i Himmelen.


TIL EIN GUT

Han er så god, han er så snill,
tenkjer jenta om guten sin.
Han vil eg ha, han vil eg eige,
sa jenta og fekk sjå seg leike.
Ein gut er gromt for ei som eg,
som berre går og vil gifte meg.
Ein gut er stas, det kan du tenkje
når morgonsola på nuten blenkje.
Han vil eg ikkje skal sjå mitt bryst
før natta kjem, det er månelyst.
Han skal kje høyre mitt hjarta banke
før eg får sjå han, før eg kan få han.
Han vil eg møte i kveld, i kveld.
Slik seier eg kvar skapte dag.
Han er så levande, sterk og mjuk,
han er ein ektefødd kjærleiksgut.


EG ER FØDD

Eg er fødd til å vinne
kampen for livet,
eg er fødd til å gå
vegen til Gud.
Eg er fødd til å sjå
Golgata-krossen.
Eg er fødd til å rope:
Jesus lever i dag!


HAVET KJEM

Som ei mare kjem havet
inn over land,
og legg etter seg tare og tang.
Havet er som ei bølgjekraft
som dreg og slit i oss alle.
Havet er eit uroleg liv
som menneskebarnet må lære.
Havet er havet, Gud er Gud,
og mennesket er som ein liten pus
som klorer seg fast og byggjer seg hus
og ror for livet på havet.

Havet kjem og teiknar si skrift,
havet rullar og dreg.
Vi finn oss ei strand som er trygg,
så møter vi i havet ein rygg
utan eit einaste sildebein.
Vi svelt og må ro til eit varmare land,
vi ror til vi møter oss sjølve.
Vi stig i land i eit paradis,
ei øy i Stillehavet.

Vi er aleine, og tida går.
Så kjem eit skip med bananar.
Vi lever vårt daglege liv i fred
under palmegreiner og englar.
Vi møtest kvar kveld, vi møtest i drift,
vi møtest med himmelbrevet.
Om natta er eg vaken og skriv eit dikt
til kongen i Paradistreet.

SKOG


Møter du skogen, møter du deg sjølv.
Eit frø i molda, så er det skog.
Eit tre for alle folk, eit tre
kan redde liv. Du står og ser og ser.
Her kan du kjenne vegen din, kjenne
frøet i handa. Og vi skal møtast.
Det er regn, og du er kry og glad.
Eg er bror, eg syng for bjørk og kongegran.
Du er syster, og møter meg med vev og garn.


BÅTAR PÅ FJORDEN

På ei øy langt frå land
kan kvinne og mann
leve side om side.
Her er båtar for alle,
her er snøre og garn,
og fisken er fin.

Ho som eg møtte, ei lita snelle,
såg båtar på fjorden: Eit syn.
Ho såg det ingen kunne fortelje,
ho var annleis, dei sa det, folk
kunne berre rikke på hovudet og gå.
Jenta var frisk. Ho hadde eit syn.
Båtar på fjorden, tusen båtar
på veg til Bergen. Det var i 1349.

Svartedauden vitja landet,
og gard etter gard låg aude.
Ei jente for kringom og hjelpe,
så gjekk ho ut same grinda,
så gjekk ho til fjells,
og der fann ho sin kvilestad.
Ein gut møtte henne og signa blomen,
og såg landet: Helgeland.
For alle ætter - ein heilag stad.


SPEGELEN

Livet er som ein spegel.
Det er i molda ein møter seg sjølv.
Alt her på jorda er eit møte.
Tankane våre er bruer, vegar
til ei heilag jord.

Mennesket møter kvarandre i graset,
ser kvarandre på fjellet,
i framande land. Men naboen
kan dei ikkje snakke med. Vi
går kvar vår veg til templet.
Det er ikkje vår skuld
at vi er så ulike.
Ein møter ikkje seg sjølv,
her er ikkje kvilesteinar.
Berre spegelen kan få oss til å stogge,
og da kan vi spørje etter namnet.
Det er slik vi vert kjende.


BILETE

Råma er alltid for liten,
biletet er alltid i rørsle.

Kvinne og mann møtest,
og vi møtest,
fragment frå fortida.

Draumen om kjærleik, sa han.
Det er kjærleik, sa ho.
Vi er trygge på kvarandre,
først etter dette livet.

Vi er bilete, aleine og saman,
alltid med ei glo i neven.

Berre slik vi er
kan vi møte råma
og gje oss i kast med omverda.

Vi er ikkje dei einaste,
vi går grensene,
vi er nakne
og møtest i eit evig hav.


LJOS

Inn kjem ljoset, inn i mennesket,
inn i romet og tida.
Vi er ljoset som lyser i mørkret.
Alle møter ljoset på vegen.
Ljoset er som ei hand
som fører deg inn i det løynde
og gjev deg fargane.
Du er ikkje blind, du er eit auga,
ein spegel i verda.
Ljoset møter deg, og du møter
kjærleiken frå Gud.
Å vere mennesket, er å leve i ljoset.
Vi høyrer og ser havet.

  
JÆREN

Spor over Jæren.
Her gjekk dei i land.
Her sådde dei kornet.
Og på lynggrodd tuve sat lerka,
og vipa song.

Spor over Jæren.
Born bygg hus på ein voll.
Jæren er fritt. Her kan vi synge
og plante vårt frø.
her kan vi leve og her kan vi døy.
Underlege, vakre Jæren.
Som ei møy stig du opp or havet
og speglar deg i himmelen.
Du er det kvite seglet i vinden.
Framtida er i dine hender.
Jæren med brus av hav.
Jæren med steingard,
rom for ein veldig tanke.
Jæren med kongeveg og stigar
syner vegen heim.
Du er fødd, du er Jæren, bror.
Her er ditt hjarta. Du er trygg.
Og sola stig, og graset stig,
og kyr og sauer, høns og gris
set spor i deg.
Eit eventyr, eit paradis.
Jæren, gode gamle Jæren.
  

DØR

Skulle vore ei dør
med makt til å lukke og stenge,
ei dør for ei ny tid,
ei tid for ord og tanke.
Skulle vore fødd i går,
ei open dør for verda,
skulle skilje mellom ljos og mørke.

Ei dør er ei stengsle, eit lokk
for urøynde gåter,
ei dør er ei grind til ein heim,
eit skilje for dagen og natta.

Skulle vore ei dør
med himmel på båe sider,
ei dør for skaparordet,
for lengt og fridom.


DIALEKTAR

Dialektar kjem inn gjennom ventilane, kjem
kvar dag til maten, kjem sigande inn
gjennom vindauga, opp trappene frå vegen.

Dei gaular og syng på dialekt i radioen
og får kulturstønad for det, dei pelsar seg
i norske målføre. Vi er jo så få
her i landet. Vi treng å vere med i koret,
og orda heng der med strupehovud i glas og ramme.

Vår lengtings-morgon tilbake til slekta,
tilbake til "Det far min kunne gjera", og alle
køyrelassa med hesten, gamle Blakken.
Snart har vi ikkje noko norsk å vere glad i.
Vi er så utarma, landet er berre fjell
for andre kulturar, offerstad for andre folk.

Dialektar kjem ikkje i postkassa, men tilbod
"made in China, made in Sweden, made in Hong Kong".
Dialektar er ikkje salsvare, er ikkje bruksvare,
berre ein museumsrarietet frå den gongen
då alle sat på kvar si tue, og målgauken svara:
Tal dialekt, skriv nynorsk! Det er kulturmedisin
å vere glad i seg sjølv og "Målet hennar mor".


EIN VEN

Utan venskap
kan ein ikkje vere lykkeleg,
utan truskap
kan ein ikkje finne kjærleik.

Ein ven er som eit hjarta,
det bankar på strenger,
det er som ein himmel
med regnboge og smerte.

Ein ven kan reise opp
den som er langt nede.
Utan vener er himmelen mørk
og alderdomen ulykkeleg.


DET ER SLIK

Alle skal ikkje klare alt, men
alle skal klare noko.
Vi skal ikkje gå tunghøyrde gjennom verda,
men sjå det daglege strevet, sjå alvoret
som etter kvart festar seg i pannen.

Det er slik: ord misser si makt
i munnen til dei som nyttar dei i utide.
Tida er altså målestaven,
og salsmystikken ligg i dette
å få andre til å lytte.

Open kjem skogstanken fram, open stig sola
og vi - fram gjennom dagen.
Kjøp og sal, merkevarer, leselege og uleselege
kjem vi fram for kvarandre.
Dagen er møtestaden, dagen
gjev oss det vi treng for å sove
og for å vere trygge på oss sjølve
og kvardagen som held oss fast.
Vi vil jo berre vidare med bodskapen:
Heidre far din og mor di,
så skal det gå deg vel
og du skal få leve lenge i landet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar